Betre høyrselshabilitering med detaljert språklydtesting
Prosjekt for å utvikle og pilotteste ein test som avdekkar detaljert oppfatting av språklydar, for betre og meir målretta individuell habilitering av personar med høyrselstap.
Cochleaimplantat (CI) og høyreapparat (HA) har gjennomgått ei stor utvikling dei siste 20 åra, og oppfattinga hos brukarane av dei finare detaljane i tale, er no i mange tilfelle så god at dei eksisterande testane av taleoppfatting er for enkle og for lite sensitive til at vi kan bruke dei som grunnlag for å planlegge optimal habilitering. Det er behov for ein taleoppfattingstest som gir detaljert og komplett informasjon om kva norske språklydar kvar enkelt person med CI eller HA forvekslar, slik at ein veit nøyaktig kva ein skal trene på. Testen skal også gje ein indikasjon på korleis lyden kan stillast inn meir optimalt.
Ein nonsensordtest som sjekkar brukaren si oppfatting av alle vokalar og konsonantar som er felles for alle norske dialekter vart brukt i doktorgraden til Rødvik (2020). Vi skal utvikle ein ny versjon av denne testen for praktisk bruk i klinikk, og det skal utarbeidast testprosedyre. For å gjere testen mest mogleg brukarvenleg skal det utviklast eit dataprogram for administrering av testen.
Den ferdige testen skal vi bruke i ein pilotstudie med tre grupper; vaksne med normal høyrsel, vaksne CI-brukarar og vaksne HA-brukarar. Ut frå testresultatet skal vi lage eit individtilpassa treningsopplegg, samt justere lydinnstillinga i CI og HA dersom testresultatet indikerer at det kan vere gunstig. Etter å ha gjennomgått treningsopplegget skal CI- og HA-brukarane ta den same testen på nytt, samt vurdere eigen høyrsel ved å svare på eit spørjeskjema. Eventuelt utbytte av treninga og justeringa vil konkret bli konstatert ved å sjå på eventuell betring i testresultatet frå pre- til posttesten.
Prosjektet er forankra i det høyrselsfaglege forskingsmiljøet ved Oslo universitetssykehus (OUS), CI eininga, og vil bli gjennomført i tett samarbeid med Høyresentralen på Akershus universitetssykehus (Ahus), laben ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo (UiO) og Stiftelsen Cochletten.
Illustrasjonsfoto: I. Skaug / Stiftelsen Cochletten
Dokumentasjon
Artikkel om prosjektet "Den viktige testen" i Din hørsel 4/2022
Prosjektskildring: "Betre høyrselshabilitering med detaljert språklydtesting"